verson 0.1 | 2009 | Seljord Kommune | Prosjekt 'Seljord og sogene' | .



Link



Link


Soger:
Kivlemøyane
Segna om Kivlemøyane har blitt knytt til Nystaulsteinen der Kivlekyrkja skal ha stått, til mose og fargar i bratte fjellveggen ovanom grenda og til to store og ein mindre stein som har vore synlege i Kalvejuvet rett nedom Såvestaul. Desse steinane er skipla av ras i dei seinare år.
Guro Heddelid
Namnet Guro Heddelid er knytt til Grunningsdalen. Meir enn noko anna har soga om henne gjort dalen kjend. Denne kvinna til hest som framleis rir gjennom dalen i dikt og dram-.
Soga om Guro Heddelid ber i seg romantikk og tonar frå ei svunnen tid med blod og salte tårer, Gudstru og trøyst i vigslevatn og klokkeklang. Det ligg eit mystisk kingelvevslør over dei gamle henda der ulike utsagn gjev stoff til ettertanke.


Ståle Åsheim
Segni om Ståle Åsheim som vart lyst fredlaus og held seg gøymd i loftet på garden Åsheim.
Segni om Gonil Dale
Gagnås er fjellpartiet mellom Trollebotnen og Seljordsvatnet. Tradisjonen vil ha det til at det ligg ein tussegard inni dette fjellet. Det er opningar i fjellveggen frå Garviksida og ved Gjeldstad. Syster av Hølje Dale i Trollebotnen, Gonill, blei kvervd inn i fjellet til tussegarden og vart verande der alle sine dagar. Hølje vitja henne ein gong, og denne hendinga har Hølje Gonge skrive eit dikt om i år 1860. I nyare tid har Halvor J. Sandsdalen skrive eit dikt om Gonill Dale som fekk lov å stige ut på Gagnås kvar joleftan og huge utover Trollebotnen. Diktet heiter; ”Etter eit menneske”. Mattis Haugerud har laga ein hardingfeleslått på temaet. Den heiter: "Gonill Dale".
- Kjelde: Turkart for Seljord. revidert 2009
Sjøormhistoriar:
Frå vegen på vestsida av vatnet
Fru Gudbjørg Vefall, fru Anlaug Nordstoga og dottera hadde vore utover til Garvikstrondi sundag 4. juli 1976. Ved 17.30-tida var dei på heimveg i bil, då Tone, 15 år gamal, brått ropa: -Stopp, det er noko uti vatnet. Alle gjekk or bilen, fortel Gudbjørg Vefall. Då såg dei først nokre kraftige kvervlar i vatnet som ellest var stilt og så kom det opp nokre store buktningar, tre eller fire stykke som likna puklar. -Eg trur dyret var ti-femten meter langt og kring 50 centimeter tykt, det var stort. Då det litt etter dukka blei det store ringar i vatnet vidt utover, seier Gudbjørg Vefall. Anlaug og Tone Nordstoga har forklart seg noko tilsvarande i NÅ og til Telemark Arbeiderblad 8. juli 1976.
Havhest med i tømmersoppa
Forteljing frå ca. 1920:
-Ein vår dei hadde tømmerfløytinga i Seljordsvatnet, då følgde ein havhest med i tømmersoppa ei lang strekning, fortalde dei.
På Sandsdalstrondi
I Halvor J. Sandsdalen si bok står denne forteljinga: -Såleis hende det i kveldinga 15. august 1976 at eg (Halvor J. Sandsdalen) tok ein tur ned til stranda for å sjå til pråmen. På ein stein sat ein mann i 50-åra. Han hadde fiskestong, pipe og kaffeflaske. Fær du fisk spurde eg . -Je sitter her og bunnfisker med agn, så det blir itte så mye, svara han. Han visa meg tre passeleg fine aurar. - Ja, je er så glad i vann, je. Det er som noe spiller i meg når je sitter med fiskestanga, synes je. Je kan itte forklare det. Og i går opplevde je noe merkelig. Je sat her med fiskestanga og med ett reiste det seg ei bølge i vannet enda det var helt stille. Så ble den borte igjen. -Liknande bølgjer har mange sett, svara eg. -Ja, itte vet je, men artig var det. Je ligger i telt noen dager utved vannet her. Hele vinteren drømmer je om å sitte ved vann med fiskestanga.... Han heldt auga med dobba som med små ringar fortalde at ein liten fisk hadde snusa på agnet.
Walter Berg på sykkeltur langs Seljordsvatnet
I Aftenposten for 19. august 1976 fann vi dette innlegget: -Jeg har i den senere tid sett et par artikler angående Sjøormen i Seljordsvannet og fikk lyst til å fortelle at jeg også har sett denne sjøormen. Det var i 1963. Jeg hadde vært på sykkeltur over hardengervidda, reiste over Haugastøl, så om Odda, opp Røldalsbakkene over Haukeli videre gjennom Telemark. En sen kveld, såvidt jeg husker var det i august måned, kom jeg langs Seljordsvannet. Jeg var trett og sliten efter å ha syklet mange mil den dagen og hadde nærmest tenkt å legge meg ute under åpen himmel, da jeg fikk øye på en liten falleferdig bu akkurat i enden av vannet, mot Bøsiden. Jeg hvilte meg litt der og sto tidlig opp og gikk ut en tur for å se på været, da jeg fikk se det store dyret nede i vannet. Det lå på tvers av vannet med hodet mot veien. (Jeg kunne ikke se hele hodet, hele dyret lå akkurat i vannflaten, men jeg så jo tydelig bølgedannelse over dyrets rygg.) Jeg vil anslå lengden til ca. 10 meter. Det var i det hele tatt et ufyselig syn. Jeg syntes at jeg måtte fortelle dette. Jeg tror ikke jeg har fortalt det til noen før.



Nor-Rec 2009